Med Trådlause Austevoll (TA) ynskjer Lysglimt å legge til rette for at våre kundar og besøkande til Austevoll skal ha tilgang til eit moderne, kraftig trådlaust nettverk på dei steder der folk i kommunen ferdes. Nedanfor finn du ei liste over dei plassane som har/vil få dekning ila hausten.
I utgangspunktet kan alle som ynskjer det bruke dette nettet. Dersom ein er Lysglimt-kunde på fiber kan ein ta eit tilleggsabonnement for å få fast tilgang. Med eit slikt abonnement vil ein ha tilgang med 5, 7 eller 10 samtidige einheiter – meir om det litt lenger ned – og det er ingen begrensningar på datamengde som kan lastas ned.
Ein pris – fullt trykk – heile tida – på fleire einheiter.
Det er ein brukarprofil som gjer brukarane 5 Mbs kapasitet begge vegar, med muligheit for å gå opp mot 10 Mbs i korte periodar. Avhengig av kva fiberabonnement ein har så får ein:
Liten Storm 40/40Mbs – 5 samtidig brukarar, kr 59/mnd
Full Storm 70/70Mbs – 7 samtidig brukarar, 39/mnd
Sterk Storm 200/200Mbs- 10 Samtidig brukarar, inkludert i abonnementet
Orkan 500/500Mbs – 10 samtidig brukarar, inkludert i abonnementet
Dei som ikkje er Lysglimt-kunder kan kjøpe seg tilgang ved bruk av kredittkort eller ein overtaksert SMS.
Dersom ein har logga på med maksimalt antall einheiter og ynskjer å logge ut ein einheit for å få frigjort ein tilgang går du her
Ring oss på 55 08 01 00 i arbeidstida 0800 – 1530, eller send oss ein e-post på kundeservice@lysglimt.net.
VI TAR GJERNE I MOT FORSLAG OG YNSKJER OM ETABLERING AV TA.