Rettleiingar
I denne delen finn du rettleiingar, i pdf-format, til dei fleste vanlege førespurnadane vi får på kundesenteret. Om du ikkje klarar å løyse problema sjølve så kan du ringe 55080100 for å få hjelp.
Har du ikkje Acrobat Reader for å lese pdf filer så kan det lastast ned herfra
Merk at det er gratis å få hjelp dersom problemet visar seg å vere feil på vårt utstyr. Er det feil eller problem med kundens utstyr, har vi 10 minutters gratis støtte - deretter koster det kr 245,- pr påbegynte halvtime.
Før me kjem heim og monterar fiber hos deg bør du lesa dette.
MAIL:
PASSORD:
Dersom ein har mista passordet sitt til e-posten så kan ein trykka på "Forgot password" under innloggingen på webmailen. For at den funskjonen skal virke så må ein først ha aktivert dette under innstillingar inn på e-posten.
Sjå video her for korleis ein gjer dette: Aktivere "Forgot Password"
POP3
Når du brukar POP3 som protokoll for å lese e-post vil alle meldingar som du mottar bli lagra på vår e-post-server inntil du startar e-postprogrammet ditt. Dette programmet vil då laste ned alle lagra e-poster på din konto på servaren, og flyttei de til din datamaskin. Programmet slettar alle e-poster på servaren etterkvart som dei blir lasta ned på di maskin.
Nokon program lar deg sette opp at det skal ligge ein kopi på servaren, og angi tid for kor lenge dei skal ligge før dei blir sletta.
Fordelen med POP3 er at du alltid har godt med plass på kontoen din på vår e-post-server - så lenge du sjekker e-post jevnleg.
Ulempa er at du har all e-post på ei enkelt maskin, noko som kan omgåast ved å bruke avanserte innstillinger i e-postprogrammet.
IMAP
Når du brukar IMAP protokollen vil alle meldingar kopierast ned på di maskin, men dei blir liggande på servaren vår etter at dei er kopiert til den maskina du brukar. Når du sletter e-post lokalt på di maskin vil dette bli oppdatert på servaren neste gang du koblar deg til, og dei blir då sletta på servaren òg.
Fordelene med denne løsninga er at du kan lese dei same e-postane på fleire maskiner/einheiter.
Ulempen er at din plass på servaren fort blir fylt opp, og du kan då ikkje motta fleire e-postar.
Viktig!
Lysglimt har ingen meining om kva e-postlesar som er best. Du må sjølv gjere erfaringar og velge det som passar deg. Vi har heller ikkje tid til å hjelpe den enkelte med valg av e-postlesar og oppsett av denne. Vi har laga veiledningar for nokon av dei mest brukte e-postlesarane. Dei ligg her:
Rettleiingar:
Vi viser oppsetta for dei mest brukte mail-klientane. For Android er det så mange variantar at vi velger å ikkje vise alle.
Det kan for mange være nok å endre portnr som er registrert i epostinnstillingane, dei ulike port nr skal være:
- Port for utgående epost (SMTP) skal være 465, hak av for at denne serveren krev ei sikker tilkopling (SSL)
- Innkommande server port skal være 993 for IMAP og 995 for POP3. Hak av for at denne serveren krev ei sikker tilkopling (SSL)